Filmar i produksjon
Lykkens Ansikt
"Lykke er for de fleste, til alle tider, det hemmelige motiv til alt hva de gjør". - William James (1842-1910), amerikansk psykolog
Kven skulle vel tru at lykkens ansikt er fullt av arr? Kanskje må ein vere full av arr, vise spor av levd liv, av lykke og ulykke før ein eigentleg kan lære lykka å kjenne.
Hallgeir blei nær drept i ei trafikkulykke. Prisen han betalte for å redde hjerna - for å overleve - var ansiktet. Det er ikkje lett å vere 18 år, å gå frå ei tid som pen, populær og på veg til jusstudiet, til ei framtid utan ansikt. Nesten utan minner om livet som var før. Etter ei periode der Hallgeir tviholdt på gleda over å ha overlevd, men sleit med sorga over å miste seg sjølv, sitt liv og alt det vanlege, reiste han til Mexico. Der fant han eit samfunn som ikkje hang seg opp i lapp for auget, arr og manglande nase. Så såg han det vakre i livet. Han lærte å setje pris på både dei små og dei store augneblunka.
Hallgeir har begynt å drite i om halve nasa manglar, men legane på Haukeland vil fullføre millionprosjektet det har vore å setje ansiktet hans i stand. Men kva skal han med nase, han som er så lykkeleg?
Denne filmen vil fortelje historia om vår kultur sitt fokus på det ytre, og om at vi så altfor lett gløymer det indre. Om å vere frå verdens best økonomisk stilte land - men å ha det betre i verdas fattigaste land. Det er filmen om han som begynte på nytt. Som fekk livet i gåve, og som tek det i bruk, malar alle dei kvite flekkane på lerretet, les alle livets sider, reiser, lever, elskar og trur.
Bakgrunn
Det er mørk vinternatt i 2004 på dei svingete vegane på Vestlandet. Eit ungt kjærastepar er på veg til familiehytta i Valdres. I Gudvangstunellen får turen ein brå slutt. Hallgeir mistar kontrollen over bilen, og det går forferdelig galt. I møte med tunellveggen vert Line slått lufta ut av og får fleire kraniebrot. Hallgeir brekk 5. nakkevirvel, ansiktet hans vert brutalt skrelt til sides, og heng ned på venstre skulder etter ei sene. Kjeve, tenner, hud og musklar er knust. Ambulansepersonalet som kjem til staden finn ikkje luftrøret, og har derfor problem med å ventilere han. Brotet i nakken gjer at han må fraktast sittande i helikopteret til Haukeland Sjukehus. Når han kjem fram diskuterar legane om det er vits i å prøve å bygge opp ansiktet hans igjen.
Ulykka skjedde under Hallgeir sitt siste år på gymnaset. Han hadde allereie søkt på medisinstudiet og på juss. Han var ivrig etter å få ei utdanning, ei karriere og ei familie.
Etter ulykka låg Hallgeir på operasjonsbordet i over 20 timar. Sidan låg han i koma i ei veke, og tre månadar på sjukehus. Operasjonane var vellykka, og som ved eit under fekk ikkje Hallgeir hjerneskade, eller alvorlege mén utanom dei i ansiktet.
Etter sjukehusopphaldet vart det viktig for Hallgeir å vise at han kunne gjere alt det han hadde planar om før ulykka. Utad var Hallgeir alltid glad og aktiv i denne perioden. Han ville ikkje tenke på det som hadde skjedd, og korleis det kom til å forandre livet hans - for kva kunne då kome til overflata? Hallgeir fekk ikkje psykologhjelp eller tilbod om psykisk oppfølging på denne tida, ei tid som baud på mykje forvirring, sinne og fortviling som Hallgeir stadig ville fortrenge.
Mellom to operasjonar flytta Hallgeir for ei periode til Mexico for å studere. Der merka han at livet var annleis. Folk glodde ikkje på eit ansikt utan naserygg, på lapp for auge og på arra som prega ansiktet. Hallgeir kunne slappe av på ein heilt annan måte enn han kunne i Noreg.
Ei reise føret til ei reise til. Eksamenar i Noreg blei droppa. Det var viktigare å hjelpe gatebarn i slummen i Rio, eller lære portugisisk og spansk. Det blei viktigare å bli kjend med nye menneske, nye kulturar og ikkje minst med seg sjølv. No kunne Hallgeir slappe av, og for fyrste gong verkeleg tenke på kva som hadde skjedd, og kva det kom til å bety for resten av livet hans.
No skal Hallgeir igjen leggast på operasjonsbordet på Haukland Sjukehus. Han skal få bygd opp ein naserygg og flytte på eine auge, slik at han kanskje vert kvitt dobbelsynet som plagar han. Dette er ingen enkel operasjon, kirurgane har tidlegare prøvd mange ulike metodar for å rette på desse "skavankane".
Produsent: Magne Sleire
Manus og regi: Ida Kleppe
