Europas Bakgård - En film av Ida Kleppe
I Moldova møter vi Eva, Olia, Olga og Veronica, fire sårbare og sterke kvinner, med fire svært ulike skjebnar. Ved å bli kjent med desse kvinnene, blir vi kjent med kvardagen i Europas fattigaste land. Ved å sjå kva for val dei tek, påverka av deira samfunn og samtid, blir vi kjent med ein nasjon som slit med å kome ut av skuggen av det gamle Sovjet.
Moldova er rike Europas triste bakgard. Utdanning, helsesystem, landbruk og industri har gått i oppløysning etter Sovjetunionens fall. Moldovarane er kjent for å vere hardt arbeidande, og landet har den kanskje beste føresetnadane for landbruk i heile Europa. Men kva hjelper vel det, når all arbeidskraft, entreprenørskap og intellektuelle ressursar reiser ut av landet for å tene pengar? I Moldova er det berre dei idealistiske og dei svake som vert att. Kven skal då byggje opp igjen dette landet?
I denne filmen får sjåaren vere med inn i eit univers som er mentalt fjernt, men geografisk nært for oss i nord. I dette grøne landet, prega av skiftande tider og vedomnar med dårlig trekk, blir sjåaren kjend med fire kvinner. Fire kvinner som er sterke i stormen, men som veit å bøye seg for ikkje å knekke når det bles som verst. Desse kvinnene har fått prøve livet sine mørke sider, dei er realistiske og dei fortvilar. Likevel er dei fulle av mot, av latter og av ukueleg optimisme.

